Loui & Lexus

louilexus square blank.png

Loui & Lexus

Loui & Lexus er eit boyband frå Volda som blei til for å levere ekte følelsar og mykje energi på scenen. Dette har dei gjort heilt sidan starten då dei slapp EPen «Om mej og om mej» i 2017. Musikken har eit unikt særpreg i norsk undergrunn. I løpet av karrieren har dei spelt på festivalar som Vill Vill Vest, X2 og by:Larm. Dei har også spelt solokonsertar både i Oslo og Trondheim. Med et gjennomsnitt på en konsert i månden har Loui & lexus utvikla eit hardtslåande liveshow utan like, og lysta til å bevege seg er stor.